Risiko i reguleringsområda – ferdsel spesielt

Risiko i reguleringsområda – ferdsel spesielt

Skrevet av Olav Rabbe – januar 2021


Røldal har to kraftmagasin som er klassifisert i høgaste risikoklasse (klasse 4)

I tillegg er Røldalsvatnet senka inntil 17 meter ein stor del av året.

Det er nødvendig med uavhengig geologisk vurdering av risiko for ras i samband med følgjande reguleringsmagasin:

Valdalen:

Bilvegen på vestsida av magasinet er bygd (med buldozer) i bratt terreng på morene/lausmasse.

Vegen er smal med dårlege vegskulder og føringskantene er stort sett øydelagde. 

Størsteparten av vegen frå Øvlandsstølen ved Hyttejuvet til innst i Valdalen går i bratt og rasutsett terreng. Det er kvart einaste år steinsprang og mindre ras ned i vegbanen og av og til utrasing av sjølve vegbanen. 

Vegen som ikkje har fast dekke er arbeidskrevjande å halda i stand, dette medfører at store deler av brukssesongen frå 1. juni – oktober/november framstår vegen som svært dårleg. 

Vegen er på ingen måte god nok til dagens trafikk. Spesiell fare for ulukker med tunge kjøretøy

(sauetransport vår/haust).



Valdalsmagasinet (vatnet):

Valdalen har bratte dalsider med store morene- og leireavsetninger som kan vera utsett for ras i magasinet. Spesielt området frå dammen i Hyttejuvet til Grytingsstølen.

Dalen ligg i ei forkastningssone med morene og leiravsetningar frå istida i dalsidene, oppå morenen er det i bratte partier store urer som har bygd seg opp i tida etter siste istid. 

Større ras ned i magasinet kan lage flodbølger med risiko for skade på dammen.

Geoteknisk vurdering er nødvendig.



Bilvegen til Middalen (innst i Valdalen):

Også denne vegen er bygd i skråhadler med buldozer.

Vegen er lagt slik i terrenget at denne er farleg å følgja om vinteren.

Her har det vore dødsulukke og fleire nesten-ulukker.

Geoteknisk vurdering er nødvendig og omlegging av ein del av traseen.



Bilvegen frå Åsen til “vegenden” ved gamle Valdalsosen nede i magasinet:

Tilsvarande problem som for Middalsvegen.

Stor risiko ved nedtappa magasin, særleg om vinteren.

Geoteknisk vurdering er nødvendig og omlegging av vegen.



Veg ned i magasinet ved dammen i Hyttejuvet:

Vegen er bratt og rasutsett både sommar og vinter, fare både for stein og isras.

Her har det vore fleire nesten-ulukker vinterstid.

Geoteknisk vurdering er nødvendig og vesentleg inngrep for å auka tryggleiken.



Kjømbergsvegen i Finnemolia: (på austsida av magasinet)

Stor risiko ved sterkt nedtappa magasin, særleg om vinteren.

Omlegging av vegen er nødvendig.



Røldalsvatnet:

Vatnet er senka inntil 17 meter vinter/vår.

Geoteknisk vurdering er nødvendig for å vurdera rasfare som medfører fare for menneske som ferdast langs vatnet og for om det kan oppstå flodbølger med risiko for skade infrastruktur og menneske.

Subscribe our newsletter

  • Unlimited access to all
  • Paper Magazine delivery
  • Priority Support
Thank You, we'll be in touch soon.

Share article

We’re a full-service laundromat based in the center.

Røldal Grunneigarlag

Haukeligvegen 99
5760 RØLDAL

Org# 999 295 770

Bli oppdatert i saka

Meld deg på nyhetsbrevet vårt for å motta viktige oppdateringar i saka.

Thank You, we'll be in touch soon.

Røldal Grunneigarlag © 2024